Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Eit anna rom

Mellom alle ord og aktivitetar finnes eit anna rom. Eit rom for stille og ettertanke.

Fastetida er tida for å søkje til dette  rommet. I "Hustavla" som biskop emeritus Finn Wagle presenterte i 2001, blir vi utfordra til å sjå nærare på vår sjølvforståing.

Livet er ei gåve. Jorda tilhøyrer ikkje menneska, men menneska tilhøyrer jorda og har sin plass i det skapte.

HUSTAVLE

Klikk for grafisk blad med hustavlenROPET FRÅ EI SÅRA JORD
Menneske, du som har kunnskap om godt og vondt:
Livet er trua, ta ditt ansvar!

SJÅ HEILSKAPEN
Jorda er ein vev utan saumar
Som ingen har rett til å rive sund.

KJENN PÅ DET HEILAGE
Ei heilag duft kviler over alt som er til.
Vi skal verdsetje, elske og verne om livet.

GLED DEG OVER ALT VAKKERT
Skaperverket er sin eigen rikdom.
Ingen ting er berre råvare.
Gåvene jorda gir, må vi forvalte med truskap og takk.

DYRK SAMANHENGEN
Ditt liv er innfelt i livet på jorda.
Alt du eig, er til låns.
Alt skal du overlate dei som kjem etter.

KJEMP FOR RETTFERDA
Moder jord har nok til alle,
men ikkje til grådigskapen.
Misforholdet mellom fattig og rik
er forakt for menneskeverdet.

LEV I FORSONINGA
Menneske, du som har makt til å øydeleggje vår heilvovne jord:
Du er kalla til eit liv i forsoning!